Du bestemmer korleis ditt nye hus skal vere
Det beste av alt er at du sjølv kan vere med og bestemme korleis du vil ha din nye heim. Soverom oppe eller nede, walk-in klesskapet du har drøymt om, to eller tre bad, større bod, høgare under taket. Du kan gjere dei ønska justeringane, gjere romma eller huset mindre eller større, flytte vegger og dører der det er mogleg, og mykje meir. Alt for at du skal bli svært nøgd med ditt val av ny bustad. Men i tillegg til denne klare fordelen finst det andre argument for å velje nytt.
Økonomiske fordelar ved kjøp av nytt hus
Ein slepp hektiske bodrundar, og kan kjøpe i fred og ro fordi ein kjøper til fast pris. Ingen uforutsette kostnader. Alt vert avtala på førehand. Omkostningane er låge – du betaler berre 2,5 prosent av tomteverdien i dokumentavgift til staten – ikkje 2,5 prosent av heile kjøpesummen som ved bruktbustad.
Reklamasjonsrett når du bygg nytt hus
Du får ein trygg heim med reklamasjonsrett. Bustaden er i forskriftsmessig stand – og har minimum 5 års reklamasjonsrett. Sikker overtaking i ordna former. Standardiserte trygge kjøpekontraktar. I tillegg er det nye sikringsskap og andre elektriske installasjonar. Det er teke større omsyn til barnesikring i nyare hus. Vindauge og dører kan også oppgraderast til innbrotssikre, og huset kan sjølvsagt leverast med alarm både for innbrot og brann om det er ønska.
Nytt hus tek omsyn til miljø og energi
I nye hus får ein energiøkonomiske og klimavenlege løysingar i samband med oppvarming, isolasjon og byggjematerialar. Nye hus er mykje meir energisparande enn dei som er ein del år eldre. Systemhus har også gjennom mange år levert Friske Heim som gjennom byggjeprosessen og materialval tek omsyn til allergikarar og astmatikarar – ein betre kvardag for heile familien gjennom eit godt inneklima. Våre nye hus har balansert ventilasjon, er bygde etter høge tekniske krav som gjer at ein slepp trekk, har gode temperaturar året rundt og sparer på energikostnadene.
Mindre arbeid og kostnader på vedlikehald
Alt er nytt. Du slepp oppussing, og får svært låge kostander til vedlikehald i nær framtid. Materialar har vorte mykje betre og gjennomprøvde i seinare tid. Ein kan også kjøpe meir vedlikehaldsfritt dersom ein ønskjer det. Det er mange gode produkt ein kan velje mellom for å få eit stressfritt hushald.
Eksempel på andre fordelar
- Du får ein tidsriktig heim.
- Smarte og moderne løysingar på utforming av til dømes kjøkken og bad.
- Du får god tid til å førebu flytting, og selje bustaden du allereie har.
Mest positivt av alt er kanskje kjensla av å flytte inn i ein heilt ny heim. Bustaden som de har bygd representerer din draum, ikkje nokon andre sin. Ein ny heim vil fyllast med dine minner, dine fargar og din stil. Det vil ta mykje kortare tid å føle seg heime i ein heilt ny bustad, enn om ein flyttar inn der nokon har budd tidlegare og sett sitt preg.