I djup respekt for at det å kjøpe bustad er ei av livets største investeringar, og ei stor avgjerd å ta, har Møre Hus gjennom 25 år lagt vinn på å levere kvalitet i alle ledd i byggeprosessen. Ein ny heim vil bli fylt med dine minne, dine fargar og din stil. For dei fleste av oss er barndomsheimen ein stad du alltid tenkjer på med varme tanker og glade minne.

Denne filmen fortel vår stolte historie og tradisjon med å bygge bustader som toler det barske klimaet på Nordvestlandet, og der du og dine skal trivast og føle seg trygge.

Vi blei tildelt prisen for å vere nummer 1 på kundetilfredsheit på Systemhus si årlege samling for leiarar sist veke. Dette er for oss ein kjempegjev pris som heng svært høgt, fordi den er eit resultat av eit målretta arbeid i heile vår organisasjon.

IFrame