Møre Hus AS ønskjer å styrke organisasjonen med ein aktiv, sjølvstendig og løysingsorientert salsansvarleg for einebustadar. Les meir og søk.
Du vil i hovudsak jobbe med sal av einebustader på Sunnmøre og delar av Romsdalen, og du vil bli ein del av ein erfaren og hyggeleg gjeng med høg byggteknisk kompetanse.
Vi ser etter deg som er utadvent og har evne til å skape tillit og tryggheit hos kundane våre. Du samarbeider godt og har evne til å avslutte salsprosessar på ein god måte.
Møre Hus er eit kvalitetsprodukt, og det er viktig for oss at vår nye kollega har sans for kvalitet og detaljar. Du set grundigheit høgt, både i kommunikasjon med kunden og i den vidare overleveringa til driftsavdelinga for praktisk gjennomføring etter sal.
Vi tilbyr:
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i ei solid bedrift
- Eit godt arbeidsmiljø og ein sterk bedriftskultur
- Ansvar og tillit i eit offensivt selskap med tydelege ambisjonar
- Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning
- Byggteknisk kompetanse
- Gode datakunnskaper
- Gode samarbeidsevner og evner til å jobbe sjølvstendig.