Bolig BRA Soverom Pris
Bygg 3 – Leil. 1772Solgt
Bygg 3 – Leil. 2772Solgt
Bygg 3 – Leil. 3772Solgt
Bygg 3 – Leil. 47723 690 000

I det nye bustadfeltet Vatnehagen II nærmar vi oss no ferdigstilling av den første 4-mannsbustaden. Den ledige leilegheita (leil. 4) er sørvendt og har gode solforhold, og ligg usjenert til i eit etablert og roleg bustadområde. Leilegheita vert levert klar til innflytting med god standard. Den har lekker kjøkkeninnreiing i beige farge med integrerte kvitevarer frå Bosch, glatte malte veggar i tidsriktige fargar, og malt gipstak med listefri overgang til tak. Her er stilfullt flislagt bad med moderne baderomsinnreiing, vegghengt WC, takdusj og dusjveggar. I ytre del av entre er her ei praktisk skyvedørsgarderobe som sørger for god plass til oppbevaring av sko og ytterklede. Flis på golv i ytre del av gang og på bod/vaskerom. Leilegheita har spottar i tak på stue/kjøkken og bad.

4-mannsbustaden har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Her er store homogene flater i same fargar og materialar, og mange av kvalitetane har arkitekten valgt å heve fram ved å bruke fargar og materialar. Skråtaket gir bustaden eit uttrykk som er både moderne og tidlaust på same tid. Leilegheita inneheld stue/kjøkken, to romslege soverom, gang, eit stilfullt bad med tidsriktige detaljar, innvendig bod og utebod. Kjøkkenet er utstyrt med integrerte kvitevarer, og har ein lekker beige farge på innreiinga. Det er god plass til både spisebord og sofagruppe i den opne stue- og kjøkkenløysinga, noko som gir ein luftig og sosial atmosfære. Leilegheita har utgang frå kjøkken/stue til balkong , og innsynet mellom naboane er skjerma av skilleveggar mellom leilegheitene. Balkongen på 13m² gir deg rom til å nyte utsikta og den friske lufta. I tillegg er her ein terrasse på 10m² ved inngangspartiet, ein nydeleg plass å innta frokosten og morgonkaffien.

Leilegheita har ein parkeringsplass i carport der ein kan plassere bilen i le for vèr og vind. I tillegg har kvar leilegheit ein parkeringsplass på gardsplass. Sportsbodene ligg på sida av bustaden tett opp til inngangspartiet til leilegheitene slik ein har enkel tilgang. Asfaltering er inkludert i leveransen, og veg og parkeringsareal er no ferdig asfaltert.

Det er gangavstand til barnehage, daglegvarebutikk, kafe, treningssenter, småbåthavn m.m. I nærområdet er her fleire flotte friluftsområder med fine turstiar, og ikkje langt unna ligg Gurinesbukta, eit nydeleg rekreasjonsområde med badeplass. Området har gode vilkår for friluftsliv med ferskvatn og eit flott turlandskap. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. På Vatneeidet nokre få minutt unna med bil ligg Eidet barne- og ungdomsskule, Eidet kulturhall og IL Ravn sitt idrettsanlegg. I tillegg er her to daglegvarebutikkar, diverse andre butikkar, frisør, legekontor, tannlege, Eidet omsorgssenter, bensinstasjon med gatekjøkken m.m. Køyretid til Digerneset 12 minutt, til Moa 25 minutt, og til Ålesund sentrum via Ellingsøya ca. 35 minutt.

Sjå også meir informasjon og fleire perspektiv lengre nede på denne sida. For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol, tlf. 970 12 140, e-post: jofrid@morehus.no

Kontakt meg for ein uforpliktande boligprat!
Jofrid Hatlehol

Salsleiar prosjekt

jofrid@morehus.no

970 12 140

Jofrid Kontaktskjema

"*" indicates required fields

Dokumenter & lenker