Møre Hus er inne i ein spennande periode med igangsetting og utrulling av nye driftssystem innan kvalitetssikring (KS), HMS og kalkulasjon. No er vi på jakt etter deg som kan leie og gjennomføre dette arbeidet. Vår nye prosjektleiar vil inngå i driftsteamet i Møre Hus. I tillegg til ulike driftsoppgåver, vil du også bidra med koordinering av sentrale godkjenningsprosessar. Stillingsinnhaldet vil kunne tilpassast din bakgrunn og dine kvalifikasjonar. Les meir og søk.
Du er fagleg dyktig, og kan vise til god bransjekunnskap. Du har evne til å følge opp relevante myndigheitskrav, standardar og normer, og du er systematisk og grundig i gjennomføringa av dei ulike arbeidsoppgåvene.
Hos oss du vil bli ein del av ein erfaren og hyggeleg gjeng med høg byggteknisk kompetanse.
Vi tilbyr:
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i ei solid bedrift
- Eit godt arbeidsmiljø og ein sterk bedriftskultur
- Ansvar og tillit i eit offensivt selskap med tydelege ambisjonar
- Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning, minimum fagskule/høgskulenivå
- Byggteknisk kompetanse og god bransjekunnskap
- Gode datakunnskaper
- Gode samarbeidsevner og evner til å jobbe sjølvstendig.