| Bolig | BRA | Soverom | Pris |
|---|---|---|---|
| 2 - 1 | 117 | 3 | 6 050 000 |
| 2 - 2 | 117 | 3 | 6 050 000 |
No kan du finne draumebustaden din i Jensvika like aust for Digerneset. Her skal det byggast to vertikaldelte 2-mannsbustader med moderne uttrykk på heilt unike tomter. Leilegheitene vil få flott utsikt mot fjord og fjell, og ligg i hellinga ned mot sjøen lengst aust i bustadfeltet. Her får du mange av kvalitetane du ønsker deg, berre 25 minutt frå Ålesund sentrum. Ein moderne 2-mannsbustad på ei tomt som gir deg plass til privatliv, utan vedlikehaldet som følger med ein eldre einebustad.
Her vil du få årstidene i all si prakt rett inn i stua, samtidig som du kan nyte gode dagar i ei lys, moderne og romsleg leilegheit. Bustadane er teikna for dei som vil ha det enkelt og komfortabelt, enten du går frå ein stor einebustad eller treng meir plass for familien. Store vindauge mot sjøen slik utsikta kan nytast både frå kjøkken og stue. God planløysing der kjøkken og stue er utforma som delvis opent areal med god kontakt mellom romma. Utgang både frå kjøkken og stue til stor takterrasse som ligg over carport/sportsbod.
Planløysinga er nøye gjennomtenkt. Bad i begge etasjar, skyvedørsgarderobe på hovudsoverommet, og ei kjellarstue som gir fleksibilitet, enten som ekstra stue, heimekontor, leikerom eller ekstra soverom. Separat vaskerom i 1. etasje, bod under trappa, og sportsbod i bakkant av carporten. Kjøkkeninnreiing og baderomsinnreiing frå Kvik, du kan sjølv velje fargar, materialar og løysing innanfor deira sortiment. Innerdører er massive kvitmala dører frå Swedoor, og bustaden har balansert ventilasjon som sørger for jamn temperatur og god luftkvalitet heile året. Komplett eldstad med stålpipe er med i leveransen.
Leilegheitene har gode uteareal med stor takterrasse over carport med plass til uteliv og ønska møblering, og grøntareal på nedsida og på sida av bustaden. Innkøyring på baksida, og kvar leilegheit har sin private parkeringsplass i tillegg til parkeringsplass i carport. Her er plass til hage, leik og uteliv utan at naboen set på tunet. Inngangsparti og carport har støypte betongdekke, og veg og parkeringsplass vert levert ferdig asfaltert.
Solforholda er gode, med kveldssol og nydeleg utsikt mot Skodjevika og fjella. Området er roleg, og bustaden er idyllisk plassert med sjøen berre 300 meter unna. Jensvika har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Her er gode moglegheiter rett utanfor døra med flott turterreng, golfbane, sjøen m.m. i nærområdet. Om vinteren vert det fleire stader på Skodje, Fylling og Ørskog køyrt opp skiløyper, og i det lengste samanhengande rutenettet kan du gå kilometervis på kryss og tvers i preparerte løyper.
Det er gangavstand til Digerneset næringspark som dei siste åra har utvikla seg til å verte eit regionalt knutepunkt. Her har vore ei formidabel utvikling med etablering av ulike butikkar, tilbod og ei rekke bedrifter har flytta sine bygningsmasser hit. Digerneset næringspark inneheld omlag 40 bedrifter og rundt 750 arbeidsplassar. Og byggeaktiviteten er framleis stor, så nye aktørar kjem stadig til.
Jensvika bustadfelt har ei svært sentral plassering med køyretid til Digerneset 3 minutt, til Moa 15 minutt og Ålesund sentrum 25 minutt. Feltet ligg på nordsida av E-39 ved Svorta. Når ein køyrer frå Digerneset i retning Valle tek ein av mot Svorta etter omlag ein kilometer. Vegen til feltet er godt merka med skilting.
"*" indicates required fields