Konseptet Smartbo frå Møre Hus er eit rimeleg alternativ for deg som skal bygge einebustad på eigen tomt. Tanken bak Smartbo er nemleg å presse ned prisane på fiks ferdige hus utan at det går ut over kvalitet, standard eller størrelse på bustadene. Viktige stikkord for å lykkast med dette er å standardisere byggeprosessen, ta utgangspunkt i ferdige teikningar, samt tilpassa leveranseform. Resultatet er at du kan gjere store innsparingar, og samstundes få eit svært godt og praktisk hus!

Du bør vere kritisk når du skal velje din nye bustad og din nye husleverandør. Bustadene i Smartbo-konseptet vert bygd med den same kjende Møre Hus-kvaliteten som alltid, men med ei tilpassa leveranseform. Smartbo er utvikla med 100 % fokus på kvalitet, og i kombinasjon med at du har ein solid husleverandør i ryggen, gjer du eit trygt kjøp ved å velje Smartbo! Ta kontakt for spørsmål, og ytterlegare informasjon. Vi ser fram til å høyre frå deg.