Bolig BRA Soverom Pris
7 - 112745 460 000
7 - 212745 460 000

I det nye bustadfeltet Iden like ved barne- og ungdomsskulen skal vi snart starte byggearbeidet på den første av to 2-mannsbustader. Tomta er svært solrik, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde. Her er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit breitt og variert servicetilbod. Gangavstand til kulturhus, kafe, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir. Her er småbåthavn, badestrand og mange fine turstiar i nærområdet. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektuakulære fjell, og har ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i ei rik og variert natur.

Leilegheitene inneheld stue/kjøkken, TV-stue, 4 soverom, walk-in garderobe, 2 bad, gang, teknisk rom og utebod. Utgang frå stue til balkong, og frå TV-stue til privat uteområde. Carport er også inkludert i leveransen, og veg og parkeringsareal vil verte asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.

Køyr på E136 til Sjøholt sentrum. Ta av ved bensinstasjonen, og køyr mot idrettsanlegg og Sjøholt skule. Køyr Prestegardsvegen forbi skulen, ta av ved Idenvegen, og køyr denne vegen til endes til du ser det nye byggefeltet på høgre side. Dei nye 2-mannsbustadane skal førast opp heil øvst i feltet. Grunnarbeidet er i gang, og planlagt byggestart trearbeid i slutten av september.

Jofrid Hatlehol

Salsleiar prosjekt

jofrid@morehus.no

970 12 140

"*" indicates required fields