Bolig | BRA | Soverom | Pris |
---|---|---|---|
Leil. 1 | 120 | 4 | 4 590 000 |
Leil. 2 | 120 | 4 | 4 590 000 |
På ei solrik utsiktstomt i Åsbygda på Vestnes har vi for sal to leilegheiter i denne kjempefine vertikaldelte 2-mannsbustaden. Bustaden ligg i eit roleg og etablert bustadområde med flott utsikt mot Leirvikbukta og Vestnes sentrum. Her er solrikt og landleg, samtidig som det er sentrumsnært.
Leilegheitene er innhaldsrike og går over to plan, og har ein tiltalande fasade med fine, lave vindauge på stua slik utsikta verkeleg kjem til sin rett. Ei open løysing mellom stue og kjøkkenet gir ein fin og ekstra god romfølelse. Med utgang frå kjøkken har du ein hyggeleg balkong der du kan slappe av og trekke inn den friske lufta, perfekt når ein ønskjer å nyte fine dagar med ein kopp kaffi og ei god bok. Med soverom og bad i begge etasjar er det skapt ei funksjonell inndeling til dømes for dei som har ungdomar i hus. Med fire soverom er her rom for å forme bustaden etter det som passar deg og dine behov. Det største soverommet nede kan til dømes nyttast til TV-stue om ein ikkje har behov for alle soveromma. Eller kanskje kan soverommet oppe fungere som heimekontor, hobbyrom eller gjesterom.
Leilighetene vert levert klar til eigeninnsats med sparkling/maling/tapetsering, flislegging og golvlegging, men kan mot tillegg leverast heilt eller delvis klar for innflytting. Kjøpar vil sjølv kunne velje standard på veggar og golv, og om ønskjeleg velje anna kjøkken- og baderomsinnreiing frå Kvik enn den som er med i leveransen.
Gangavstand til Vestnes sentrum som har eit breidt og variert servicetilbod, og til barnehage, barne- og ungdomsskule. Idrettsanlegg, kulturhus, treningssenter m.m. ligg også i gangavstand. Vestnes kommune ligg midt i fylket med kort avstand til Molde, Ålesund og Åndalsnes. Den nye Tresfjordbrua gjer kommunen enda meir attraktiv å bu i enn nokon gong.
Vestnes har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle. Vestnes kommune er kjent for eit veldig godt og aktivt idretts- og kulturmiljø. Kommunen er omkransa av vide skogar med idylliske sætrar og gamle skogsvegar, snaufjell og toppar med vidt utsyn.
"*" indicates required fields