Bolig BRA Soverom Pris
Bygg 1, Leil. 11233Solgt
Bygg 1, Leil. 21233Solgt
Bygg 2, Leil. 112335 580 000
Bygg 2, Leil. 212335 580 000
Bygg 3, Leil. 11233Solgt
Bygg 3, Leil. 212335 580 000

Den første av i alt tre 2-mannsbustader er no ferdig, og begge leilegheiter er selt. Vi startar no trearbeidet på ein ny 2-mannsbustad (bygg 3), og forventa ferdigstilling er april -25.

Bustadene har ei svært unik plassering med nydeleg utsikt mot fjord og fjell, og har tilkomst via det allereie etablerte bustadfeltet i Eidsvika. Leilegheitene er sørvendte, og har kjempefin plassering i eit roleg bustadområde. Bustadene har gode uteareal med balkong mot sør, takterrasse over carport og grøntareal på sørsida. Eiga innkøyring og privat parkering på nordsida av bustadene, og kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport i tilknyting til bustaden. Vegar og parkeringsareal vert asfaltert i samband med ferdigstilling av prosjektet.

2-mannsbustadane har eit moderne uttrykk med ein stram arkitektur. Arkitekten har valt å framheve det moderne uttrykket ved å bruke forskjellige materialar. Skiftet mellom bordkledning og fasadeplater er med på å skape liv i fasadane, og detaljar rundt vindauge, dører og inngangsparti gjer bustaden ekstra attraktiv. Alle leilegheiter er sørvendte med store vindauge mot sør slik utsikta kan nytast både frå kjøkken og stue. Her får du panoramautsikt mot fjord og fjell, og årstidene i all si prakt rett inn i stua, samtidig som du kan nyte gode dagar i ei lys, moderne og romsleg leilegheit. God planløysing der stue og kjøkken er utforma som delvis opent areal med god kontakt mellom romma. Leilegheitene har bad i begge etasjar, eit soverom oppe, to nede og ei kjellerstue. Separat vaskerom i 1. etasje, og stor sportsbod i bakkant av carporten.

Med kort køyretid både til Moa, Ålesund sentrum og Brattvåg, og med kort avstand til barnehage, barne- og ungdomsskule, butikkar, idrettsanlegg m.m. er Eidsvika ein attraktiv plass å bu for svært mange. Området er utbygd dei siste åra med einebustader, småhus og lavblokker, og er ein del av eit lite lokalsamfunn med bustader for folk i alle livsfasar. Naturen i området er eit eldorado for alle som er glade i å vere ute, her er mellom anna badestrand innerst i fjorden, flotte turstiar i nærområdet og sjøen som næraste nabo.

Sjå også meir informasjon og fleire perspektiv lengre nede på denne sida. For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol.

Kontakt meg for ein uforpliktande boligprat!
Jofrid Hatlehol

Salsleiar / Prosjekt

jofrid@morehus.no

970 12 140

Jofrid Kontaktskjema

"*" indicates required fields

Dokumenter & lenker