Bolig | BRA | Soverom | Pris |
---|---|---|---|
Bygg 1 – Bolig 1 | 113 | 3 | Solgt |
Bygg 1 – Bolig 2 | 113 | 3 | Solgt |
Bygg 1 – Bolig 3 | 113 | 3 | 5 190 000 |
Bygg 2 – Bolig 1 | 113 | 3 | 5 190 000 |
Bygg 2 – Bolig 2 | 113 | 3 | 4 990 000 |
Bygg 2 – Bolig 3 | 113 | 3 | 5 190 000 |
Bygg 3 – Bolig 1 | 113 | 3 | Solgt |
Bygg 3 – Bolig 2 | 113 | 3 | Solgt |
Bygg 3 – Bolig 3 | 113 | 3 | Solgt |
I Nihusbakken på Skodje er vi no godt i gang med bygginga av einebustadane i rekke. Dette er innhaldsrike og moderne bustader på fantastisk flotte tomter med carport/utebod mellom kvar bustad. Dei første bustadane er allereie selt (bygg 3), men vi fortsett bygginga (bygg 1 og 2), og her er framleis ledige bustader. Bustadane har tiltalande fasadar med fine, høge vindauge på stua slik utsikta verkeleg kjem til sin rett. Med denne løysinga får alle sin eigen private bustad utan å vere heilt vegg i vegg med naboen.
Bustadane er innhaldsrike, og har fokus på det praktiske. Inngangspartiet ligg på nordsida i hovudetasjen, og ved sidan av inngangspartiet er det direkte innkøyring til carport med sportsbod i bakkant. Sportsboden har vidare gjennomgang til balkongen på sørsida av bustaden. Alle bustader har sitt private hageareal på framsida.
Dette er bustader med eit moderne uttrykk og ei smart planløysing. I hovudetasjen er det stue/kjøkken, eit stort soverom, hall/trapperom og WC. Utgang frå stue til sørvendt balkong. I underetasjen er her to soverom, bad, vaskerom, gang/trapperom og to innvendige boder. I tillegg kjem den store utvendige boda som ligg under carporten, denne har tilkomst både frå innvendig bod og utanfrå. Her får du altså meir oppbevaringsplass enn vanleg ved denne typen bustad. Bustaden har eit innvendig bruksareal på 113,3 m², og bruksareal inkl. carport og boder er 166,1 m².
Bustadfeltet Nihusbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan by på ei fantastisk utsikt til både fjord og fjell. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen startar, og vi er no inne i sluttfasen av ei etterlengta utbygging der målet er å skape eit godt bumiljø for alle.
Jofrid Kontaktskjema
"*" indicates required fields