Bolig | BRA | Soverom | Pris |
---|---|---|---|
Bygg 4 – Leil. 1 | 120 | 3 | 5 490 000 |
Bygg 4 – Leil. 2 | 120 | 3 | Solgt |
Moderne leilegheiter i tomannsbustad på kjempefin tomt i det nye bustadfeltet Vatnehagen 2. Leilegheitene er sørvendte og har gode solforhold, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde. Bustaden har gode uteareal med balkong mot sør, og treplatt på terreng på sidene. God planløysing der stue og kjøkken er utforma som delvis opent areal med god kontakt mellom romma. Store vindauge mot sør slik utsikta kan nytast både frå kjøkken og stue. Her er bad i begge etasjar, og eit soverom nede og to oppe. Separat vaskerom i underetasjen, og to gode boder i bakkant av carporten. Kvar leilegheit har parkeringsplass i carport i tilknyting til bustaden, og privat innkøyring og parkering på sørsida av bustaden. Veg og parkeringsareal vil verte asfaltert i samband med ferdigstilling av bustaden.
I nærområdet er her fleire flotte friluftsområder med fine turstiar, og like i nærleiken ligg Gurinesbukta, eit nydeleg rekreasjonsområde med badeplass. Her er fleire fine fjellturar i nærområdet, og turstien til Ulvestadsætra og vidare til Ulvestadvatnet og Otrefjellet er vel den som er aller mest i bruk. Området har gode vilkår for friluftsliv med ferskvatn og eit flott fjellandskap. Ein variert natur gir gode føresetnader for ulike aktivitetar for alle.
I Vatnehagen bor du i eit roleg og idyllisk bustadområde med nærheit til det aller meste. Vatne Barneskule ligg like i nærleiken, berre eit par hundre meter frå feltet. Det er også gangavstand til barnehage, daglegvarebutikk, kafe, treningssenter, småbathavn m.m. Få minutt unna med bil ligg Vatne ungdomsskule, Eidet kulturhall og IL Ravn sitt idrettsanlegg. På Eidet ligg også to daglegvarebutikkar, diverse andre butikkar, frisør, legekontor, tannlege, Eidet omsorgssenter, bensinstasjon med gatekjøkken m.m. Køyretid til Digerneset 15 minutt, til Moa 25 minutt, og til Ålesund sentrum via Ellingsøya ca. 35 minutt.
Sjå også meir informasjon og fleire perspektiv lengre nede på denne sida. For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol, tlf. 970 12 140, e-post: jofrid@morehus.no
Jofrid Kontaktskjema
"*" indicates required fields