Tomt nr. | G. Nr. | Tomteareal m2 | Pris |
---|---|---|---|
1 | 531/173 | 1 384 | Solgt |
2 | 531/172 | 1 145 | Solgt |
3 | 531/171 | 946 | 1 490 000 |
4 | 531/170 | 906 | Solgt |
5 | 531/169 | 795 | 1 290 000 |
6 | 531/153 | 824 | Solgt |
7 | 531/154 | 698 | Solgt |
8 | 531/152 | 764 | Solgt |
9 | 531/151 | 943 | Solgt |
10 | 531/158 | 842 | Solgt |
11 | 531/157 | 768 | 1 390 000 |
12 | 531/155 | 691 | Solgt |
13 | 531/156 | 679 | Solgt |
14 | 531/160 | 893 | Solgt |
15 | 531/161 | 969 | 1 390 000 |
16 | 531/159 | 839 | 1 190 000 |
17 | 531/162 | 863 | 990 000 |
18 | 531/163 | 763 | 1 120 000 |
19 | 531/165 | 784 | 1 290 000 |
20 | 531/166 | 765 | 1 390 000 |
21 | 531/167 | 802 | 1 440 000 |
22 | 531/168 | 798 | Solgt |
Byggeklare tomter i Jensvika – ei perle i nye Ålesund. Med fantastisk utsikt og unik plassering er dette eit bustadområde som tilbyr både roa frå naturen og nærleiken til regionen sitt største knutepunkt, Digerneset. Her kan du realisere bustaddraumen din ved å velje hus frå våre huskatalogar. Vår dyktige arktitekt kan også spesialteikne din nye heim akkurat slik du ønskjer den.
Er du interessert, er forholda lagt til rette for at du kan ta turen til Jensvika. Vi har installert benkar, setegrupper og grusa stiar i tomteområdet slik at du kan bruke tid til å ta inn omgivnadane, nyte utsikta, og føle på om Jensvika kan vere staden du vil bu.
Bli med på ei droneflyging , og les også om korleis omgivnader og utsikt påverkar helsa. Les her om Leif-Kjetil og Synnøve som var raske til å kjøpe draumetomta i Jensvika.
Området ligg idyllisk til i hellinga ned mot sjøen ved Jensvika, like aust for Digerneset. Feltet ligg svært usjenert til nede ved sjøen, og har ei roleg og idyllisk plassering samt nydeleg utsikt mot fjord og fjell. Tomtene er byggeklare, ein god del hus har kome opp, og mange har allereie flytta inn. Her er først og fremst planlagt tomter for einebustader, men nokre mindre områder er også sett av til tettare utbygging.
https://www.facebook.com/morehus/videos/1204185263472476/
Her er gangavstand til Digerneset næringspark, som er eit framtidig knutepunkt i Møre og Romsdal. På Digerneset har det vore ei formidabel utvikling med etablering av ulike butikkar, tilbod og arbeidsplassar dei siste åra. Det nye bustadfeltet ligg usjenert til nede ved sjøen, men har likevel ei svært sentral plassering. Med køyretid til Digerneset på berre 3 minutt, til Moa 12 minutt og Ålesund sentrum 22 minutt, er vi trygge på at dette vil bli eit særs attraktivt buområde.
Det nye bustadfeltet ligg på nordsida av E-39 ved Svorta i Skodje kommune. Køyr frå Digerneset i retning Valle, og etter om lag 1 km ta av mot Svorta. Feltet ligg på nordsida av Jensvikvegen på området ned mot sjøen, og er godt merka med skilting. Sjå Finn-annonse eller prisliste lengre nede på denne sida for prisar og kva for tomter som er ledige.
Jan-Magnus Kontaktskjema
"*" indicates required fields