Tomt nr. G. Nr. Tomteareal m2 Pris
1531/1731 384Solgt
2531/1721 145Solgt
3531/1719461 490 000
4531/170906Solgt
5531/1697951 290 000
6531/153824Solgt
7531/154698Solgt
8531/152764Solgt
9531/151943Solgt
10531/158842Solgt
11531/1577681 390 000
12531/155691Solgt
13531/156679Solgt
14531/160893Solgt
15531/1619691 390 000
16531/1598391 190 000
17531/162863990 000
18531/1637631 120 000
19531/1657841 290 000
20531/1667651 390 000
21531/1678021 440 000
22531/168798Solgt

Her kan du realisere bustaddraumen din ved å velje hus frå våre huskatalogar. Vår dyktige arktitekt kan også spesialteikne din nye heim akkurat slik du ønskjer den.

Er du interessert, er forholda lagt til rette for at du kan ta turen til Jensvika. Vi har installert benkar, setegrupper og grusa stiar i tomteområdet slik at du kan bruke tid til å ta inn omgivnadane, nyte utsikta, og føle på om Jensvika kan vere staden du vil bu.

Les meir om dei unike tomtene i Jensvika, midt i nye Ålesund. Bli med på ei droneflyging , og les også om korleis omgivnader og utsikt påverkar helsa. Les her  om Leif-Kjetil og Synnøve som var raske til å kjøpe draumetomta i Jensvika.

Området ligg idyllisk til i hellinga ned mot sjøen ved Jensvika, like aust for Digerneset. Feltet ligg svært usjenert til nede ved sjøen, og har ei roleg og idyllisk plassering samt nydeleg utsikt mot fjord og fjell. Tomtene er byggeklare, husa har byrja å kome opp, og dei første har allereie flytta inn. Her er først og fremst planlagt tomter for einebustader, men nokre mindre områder er også sett av til tettare utbygging.

https://www.facebook.com/morehus/videos/1204185263472476/

Her er gangavstand til Digerneset næringspark, som er eit framtidig knutepunkt i Møre og Romsdal. På Digerneset har det vore ei formidabel utvikling med etablering av ulike butikkar, tilbod og arbeidsplassar dei siste åra. Det nye bustadfeltet ligg usjenert til nede ved sjøen, men har likevel ei svært sentral plassering. Med køyretid til Digerneset på berre 3 minutt, til Moa 12 minutt og Ålesund sentrum 22 minutt, er vi trygge på at dette vil bli eit særs attraktivt buområde.

Det nye bustadfeltet ligg på nordsida av E-39 ved Svorta i Skodje kommune. Køyr frå Digerneset i retning Valle, og etter om lag 1 km ta av mot Svorta. Feltet ligg på nordsida av Jensvikvegen på området ned mot sjøen, og er godt merka med skilting.  Sjå Finn-annonse eller prisliste lengre nede på denne sida for prisar og kva for tomter som er ledige.

Klikk her for sak i Smp.no

Jan-Magnus Knudsen

Dagleg leiar

jan-magnus@morehus.no

996 27 993

Jan-Magnus Kontaktskjema

"*" indicates required fields

Dokumenter & lenker