Historia om Møre Hus AS starta i 1997, då vi etablerte oss i produksjonslokala til gamle Vatne Lenestol i Vatne sentrum. Vår målsetting var å tilby eit lokalt kvalitetsprodukt som var tilpassa det tøffe og barske klimaet vi har på Nord- Vestlandet. Vi vart raskt den leiande leverandøren av særprega einebustader og prosjektbustader i vårt distrikt, og har sidan starten hatt ei eventyrleg utvikling. To gonger har bedrifta blitt kåra til Gaselle-bedrift, og vi har i dag høgste rating for kredittvurdering.

Møre Hus AS har dei mest fornøgde kundane i heile Systemhus-kjeda, som består av totalt 130 medlemsbedrifter. På Systemhus si årlege leiarsamling, blei Møre Hus tildelt prisen for å vere nummer 1 på kundetilfredsheit. Dette er for oss ein kjempegjev pris som heng svært høgt, fordi den er eit resultat av eit målretta arbeid i heile vår organisasjon.

Les meir her.

Kvart år kan ca. 40 nye kundar på Sunnmøre flytte inn i eit nytt Møre Hus – alt frå enkle og praktiske småhus/leilegheiter, til storslåtte og detaljrike villaer. Vi leverar også frå tid til anna nøkkelferdige leilegheiter i blokk.

Ettersom selskapet vaks, og fleire vart tilsette, flytta Møre Hus AS i 2007 inn i eige og moderne forretningsbygg på Vatneeidet i Haram kommune. Vi er i dag ni fast tilsette, og sysselset om lag 30 lokale snikkarar i distriktet.

Møre Hus AS er forhandlar av Systemhus og har også eit samarbeid med Øster Hus AS i Sandnes, som begge er kjent for planlegging av detaljrike og spennande hustypar. Desse samarbeida har både inspirert oss og utvikla oss. Vi er stolte av produktet Møre Hus, og vi er stolte av våre dyktige medarbeidarar, alle med høg kompetanse og fagkunnskap. Når alle våre tilsette også har lang fartstid og erfaring i firmaet, har vi lagt grunnlaget for å levere kvalitetsbustader.

Møre Hus AS har ein god og sunn økonomi, som er svært viktig for ei god og trygg gjennomføring av byggeprosjekta. Mykje har endra seg dei siste åra, men vår målsetting om å vektlegge kvalitet står fast!

Verdiar

Vi i Møre Hus legg stor vekt på å vise kundane våre omsorg og omtanke. Byggefasen er hektisk, og dei fleste opplever at dei må ta stilling til mykje på kort tid. Vi deler gjerne vår kunnskap når ulike val skal takast. Gjennom mange års erfaring har vi sett verdien av å utarbeide rutinar for at nødvendig informasjon skal kome fram til rett tid. På denne måten gir vi kundane informasjon og tryggleik undervegs, samtidig som vi sikrar at detaljane blir ivaretatt.