Bolig BRA Soverom Pris
11395

Bustaden vert levert med god standard og praktisk planløysing, og står fram som lettstelt og moderne. Overbygd inngangsparti både ved hovedinngang og ved sportsbod i carport, og separat inngang til vaskerom. Kjøkkeninnreiing med integrerte kvitevarer, to flislagte bad med veggmonterte toalett og fine baderomsinnreiingar, høgtrykkslaminat på golv og ferdig malte glatte veggar. Ytterste del av entre vert flislagt og har varmekablar. Skyvedørsgarderobe på største soverom, dei øvrige soveromma har garderobeskap.

Svært praktisk planløysing med 4 (evt. 5) soverom, kjøkken/stue, loftsstue (kan evt. nyttast til soverom), vaskerom, bod og bad i begge etasjar. Hovudinngang i 1. etasje frå gardsplass på austsida. Planlagt med frittståande carport med sportsbod. Perfekt for til dømes den aktive barnefamilien som har vokse ut av bustaden dei bur i, eller for dei som ønskjer seg ein mindre og meir lettstelt bustad enn den dei har i dag.

Bustaden skal førast opp på gardsnr. 513 bnr. 167, og vil ligge like ved Valle barnehage og Valle barneskule. Digerneset næringspark ligg berre 5 minutt frå Valle med bil, og er eit knutepunkt med butikkar, tilbod og arbeidsplassar. På Digerneset har det skjedd ei formidabel utbygging dei siste åra, og det er i tillegg gjort avtalar med fleire store aktørar om ei framtidig utbygging som vil gjere området endå meir attraktivt. Valle ligg i kort avstand til Ålesund og omegn. Køyretid til Moa omlag 15 minutt, og Ålesund sentrum omlag 25 minutt.

Bustaden har privat tomt, og har eiga innkøyrsle med god tilkomst og godt med parkeringsareal. Oppstart og overtakelse etter nærare avtale.

Kontakt meg for ein uforpliktande boligprat!
Jan-Magnus Knudsen

Dagleg leiar

jan-magnus@morehus.no

996 27 993

Jan-Magnus Kontaktskjema

"*" indicates required fields

Dokumenter & lenker