Bolig BRA Soverom Pris
Bolig 112146 098 000
Bolig 212146 098 000
Bolig 312146 238 000

Bustadene er planlagt med 4 soverom, der eit av dei er i hybel. Her kan kjøpar velge om ein ønsker å leige ut hybel eller bruke denne delen som eigen del etter behov. Bustadene ligg på ei solrik tomt i eit roleg og etablert bustadområde. Frå soverom har ein eigen utgang for å nyte morgonsola, og terrassen har sol fra morgon til kveld. Elles inneheld bustadene 2 bad, 2 sportsboder, bod, open stue/kjøkken for hybel-del, entre og carport. Bustadene er innhaldsrike og har fokus på det praktiske. Dei passer perfekt for den unge familien som vil ha god plass å vekse i.

Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit svært breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir. Her er også småbåthavn, populære badestrender og mange turstiar i nærområdet. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantastiske skiforhold om vinteren. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.

Bustadene vert levert klar for eigeninnsats med sparkling, maling, tapetsering, flislegging og legging av golv. Kjøparane vil sjølv kunne bestemme flis, parkett, innvendige fargar, utførelse på trapp, kjøkkeninnreiing og baderomsinnreiing m.m. Pris fra kr 6 060 000,- + dokumentavgift ca. kr 20 000,-

Sjå også fleire perspektiv lengre nede på denne sida. Ta gjerne kontakt med Trygve Storlykken for utfyllende informasjon.

Kontakt meg for ein uforpliktande boligprat!
Trygve Storlykken

Salsleiar / Einebustad

trygve@morehus.no

986 44 699

Trygve Kontaktskjema

"*" indicates required fields

Dokumenter & lenker