| Tomt nr. | G. Nr. | Tomteareal m2 | Pris |
|---|---|---|---|
| 6 | 523/222 | 445 | 1 190 000 |
Kjempefin bustadtomt i eit veletablert og roleg bustadområde i Nilsgarden midt i Skodje sentrum. God plassering heilt vest i feltet med sørvendt utsikt i retning Skodjevika, og gode sol- og lysforhold. Her kan ein bu med kort gangavstand til daglegvarebutikkar og andre servicetilbod, og barnehage, barne- og ungdomsskule og idrettsanlegg er lett tilgjengeleg via trygge gangvegar. Sentral plassering med ca. 7 minutt til Digerneset næringspark, 18 minutt til Moa kjøpesenter og 28 minutt til Ålesund sentrum med bil.
Tomta er på 445 m², og er regulert til frittliggande bustad. Den har adkomst via offentleg veg, og vil verte tilknytta kommunalt leidningsnett. I henhold til reguleringsplan kan eigedomen byggast ut med bustad på to etasjar. Ut frå reguleringsføresegner er utnyttelsesgraden maksimalt 35%. Tomta er merka med 6 på situasjonskart og oversiktsbilde lengre nede på sida. Her kan du realisere bustaddraumen med å velje hus frå våre huskatalogar, eller vår dyktige arkitekt kan spesialteikne din nye heim akkurat slik du ønskjer den. Tomta vert seld med to års byggeplikt. Det vil seie at kjøpar må ha starta arbeidet med byggemelding innan to år frå dato for tinglyst skøyte. Dersom dette ikkje er oppfylt har Møre Hus Bustad AS rett til å kjøpe tilbake tomta til den pris ho vart seld for (gjenkjøpsrett).
Skodje har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv, og Nilsgarden bustadfelt ligg svært landleg til samtidig som det er sentralt med kort veg til det meste. Byggefeltet ligg bak treningssenteret Sporty Ålesund Skodje, og har sørtvendt helling med gode sol- og utsiktsforhold.
Gangavstand til alle sentrumsfasilitetar som butikkar, kulturhus, omsorgssenter, legekontor, treningssenter m.m. Kort veg til fleire tur- og friluftsområder, og i nærleiken finn du blant anna sti til Nihusen, eit populært turmål som gir deg panoramautsikt utover dei sunnmørske fjella og fjordane. Om vinteren vert det fleire stader køyrd opp skiløyper, og i det lengste samanhengande rutenettet kan du gå milevis på kryss og tvers i preparerte løyper. I nærområdet ligg også Solnør Gaard Golfbane, ei idyllisk og utfordrande 18 hols bane. Bana er av mange ansett for å vere den beste og mest komplette mellom Bergen og Trondheim.
"*" indicates required fields