| Tomt nr. | G. Nr. | Tomteareal m2 | Pris |
|---|---|---|---|
| 1 | 521/516 | 533 | 1 340 000 |
På Simenplassen i Skodje sentrum har vi for salg ei byggeklar tomt i eit barnevennleg og roleg område nært daglegvarebutikk og andre sentrumsfasilitetar. Tomta er sørvendt med utsikt i retning Skodjevika, og ligg i eit populært bustadområde midt i sentrum. Her er gangavstand til det meste via trygge gangvegar, og offentleg kommunikasjon er også lett tilgjengeleg frå eigedomen. Her er busstopp oppe ved hovudvegen der det går bussar til mellom anna Digernes, Moa og Ålesund sentrum. Tomta har ei sentral plassering med ca. 7 minutt til Digerneset, 18 minutt til Moa kjøpesenter og 28 minutt til Ålesund sentrum med privatbil.
Tomta er på 533 m², og er regulert til frittliggande bustad. Her kan du realisere bustaddraumen med å velje hus frå våre huskatalogar, eller vår dyktige arkitekt kan spesialteikne din nye heim tilpassa størrelsen på tomta og dine behov og ønskjer. Tomta vert seld med to års byggeplikt, det vil seie at kjøpar må ha starta arbeidet med byggemelding innan to år frå dato for tinglyst skøyte. Dersom dette ikkje er oppfylt har Møre Hus Bustad AS rett til å kjøpe tilbake tomta til den pris ho vart seld for (gjenkjøpsrett).
Skodje har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv, og Simenplassen ligg svært landleg til samtidig som det er sentralt med kort veg til det meste. Tomta ligg eit lite stykke innanfor Johs. Vadset varesenter (Kiwi Skodje) i retning Skodjevågen, og har sørtvendt helling med gode sol- og utsiktsforhold.
Gangavstand til alle sentrumsfasilitetar som butikkar, kulturhus, omsorgssenter, legekontor, treningssenter m.m. Kort veg til fleire tur- og friluftsområder, og i nærleiken finn du blant anna sti til Nihusen, eit populært turmål som gir deg panoramautsikt utover dei sunnmørske fjella og fjordane. Om vinteren vert det fleire stader køyrd opp skiløyper, og i det lengste samanhengande rutenettet kan du gå milevis på kryss og tvers i preparerte løyper. I nærområdet ligg også Solnør Gaard Golfbane, ei idyllisk og utfordrande 18 hols bane. Bana er av mange ansett for å vere den beste og mest komplette mellom Bergen og Trondheim.
"*" indicates required fields