Tomt nr. G. Nr. Tomteareal m2 Pris
1697/431538490 000

Bustadtomta ligg på Sjøholtreitane som er eit godt etablert bustadfelt ovanfor Sjøholt sentrum. Tomta ligg i øvre del av feltet, og her kan kjøpar ente velge hus frå våre huskatalogar, eller vi kan spesialteikne huset akkurat slik du ønskjer det. Tomta er svært solrik, og ligg usjenert til i eit veletablert og roleg bustadområde. Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir.

Her er også småbåthavn, populære badestrender og mange turstiar i nærområdet. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantastiske skihold om vinteren. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur.

Tomta ligg innanfor reguleringsplanen for Sjøholtreitane, og arealformålet er frittliggande småhus. Tomta vert seld med to års byggeplikt. Det vil seie at kjøpar må ha starta prosessen med byggemelding av bustad innan to år frå dato for tinglyst skøyte. Dersom dette ikkje er oppflyt har Møre Hus Bustad AS rett til å kjøpe tilbake tomta til den pris ho vart seld for (gjenkjøpsrett).

Køyr E136 til Sjøholt sentrum. Ta av ved rundkøyringa, og køyr vidare på Solnørdalsvegen. Ta av på Reitevegen.

Jan-Magnus Knudsen

Dagleg leiar / Salsleiar einebustad

jan-magnus@morehus.no

996 27 993

"*" indicates required fields