Når du skal bygge din eigen bustad, er det mykje du må tenke over og mange valg å ta. Gjennom åra har vi teikna og bygd mange spesialutvikla einebustader for kundar med eiga tomt. På vegen har vi gjort oss mange erfaringar som kan komme deg til gode.

Møre Hus har sin eigen arkitekt som kan teikne den nye bustaden din i tett samarbeid med deg. Dette kan vi gjere med utgangspunkt i di eiga skisse, eller vi kan videreutvikle ein av bustadtypane i huskatalogen vår. Denne inneheld bustader i mange stilartar og ulike prisklassar. Dei fleste bustadtypene kan leveras med kjellar, tilpassas ulike terrengforhold, speilvendast – ja, moglegheitene er utallige. Det er dine ønsker og din økonomi det handlar om.

Les meir om kva vi kan bygge for deg og om byggeprosessen vi kan tilby deg.